 |
 |
|
 |
 |
|
 |
Var du klar over at teikneseriefigurane Smørbukk kom frå Ørsta, og Ing. Knut Berg frå Volda? Om du les vidare på sida mi, forstår du kva eg meinar. Denne sida vil hovudsakeleg handle om nostalgi, teikneseriar, spesielt norske julehefter, men og andre teikneserier blir omtala. Det blir og litt anna lesestoff som t.d. Hardy- guttene, Morgan Kane, herremagasiner og noko musikk. Eg jobbar stadig med sida, så det kan lønne seg å stikke innom med jamne mellomrom for å sjå. Setter stor pris på tilbakemeldingar, og skulle det dukke opp noko du meiner er feil, send meg ein mail: fjuksta@online.no
Var du klar over at teikneseriefigurane Smørbukk kom frå Ørsta, og Ing. Knut Berg frå Volda? Om du les vidare på sida mi, forstår du kva eg meinar. Denne sida vil hovudsakeleg handle om nostalgi, teikneseriar, spesielt norske julehefter, men og andre teikneserier blir omtala. Det blir og litt anna lesestoff som t.d. Hardy- guttene, Morgan Kane, herremagasiner og noko musikk. Eg jobbar stadig med sida, så det kan lønne seg å stikke innom med jamne mellomrom for å sjå. Setter stor pris på tilbakemeldingar, og skulle det dukke opp noko du meiner er feil, send meg ein mail: fjuksta@online.no
Andreas Haavoll
Andreas Haavoll (1869 - 1958) frå Ørsta var mannen som starta eventyret om teikneseriefiguren Smørbukk. Han var utdanna lærar og hadde arbeidd som bankmann, men vart meir og meir involvert i bladarbeid.
Med røynsle frå m.a. Kristiansund-bladet Nordmør (frå 1903) kom han til Oslo i 1910 og fekk stilling som forretningsstyrar i nynorskavisa Den 17de Mai, der Rasmus Steinsvik frå Dalsfjord i Volda var bladstyrar. I 1912 tok dei over Norsk Barneblad som hadde vore i pengeknipe ei stund, Haavoll og Steinsvik skaut inn pengar og fekk bladet på fote igjen. Steinsvik døydde året etter, og Haavoll styrte deretter bladet saman med Arne Falk. Frå 1918 styrde han bladet åleine, og skipa same året Norsk Barneblads Forlag. Dette vart starten på ei rekkje klassiske nynorske barnebøker. Seinare fekk han med seg namn som Øyvind Dybvad og Johannes Farestveit som begge har vore med på å skrive Smørbukkhistorier. Smørbukk vart til ved eit tilfelle. Teiknaren Jens R. Nilssen som hadde vore tilknytta Norsk Barneblad sidan 1906, illustrerte folkeeventyret om Smørbukk i 1938, og allereie i neste nummer av Norsk Barneblad var Smørbukk på plass - no som eigen teikneserie. Datoen var 30. juni 1938, som etter tidsrekninga for nynorsk teikneseriehistorie er år null. Kjelde. "Inga jul uten Juleheftene" Bilde av Andreas Haavoll er malt av Jens R. Nilssen.
Øyvind Dybvad
Øyvind Dybvad (1908-1989) vart fødd i Stjørdal som yngstemann av seks søsken, faren var skulestyrar på Frosta, men døydde då Øyvind var 14 år. Dybvad tok underoffisersutdanning og arbeidde både som gardsgut og på småflyhamna på Gressholmen. Med bakgrunn frå handelskule, folkehøgskule og underoffisersskule tok han i 1941 til å arbeide i Norsk Barneblad. Her fekk han i oppgåve av Andreas Haavoll å dikte nokre Smørbukk historier, og Øyvind utvikla serien på alle måtar. Smørbukk vart langt meir morosam både i tekst og bilder, noko som passa teiknaren og humoristen Jens R. Nilssen særs godt. I tillegg til å utvikle Smørbukk med både islendaren og Kong Olav-huva, og gutungen Øyvind delvis som rollefigur, skapte han Tuss & Troll i 1944. Frå 1949 var han redaktør saman med Andreas Haavoll, men dei to vart usamde om opphavsretten til Smørbukk og Tuss & Troll i 1954. Øyvind Dybvad gjekk då til Noregs Boklag, der han starta seriane Soldat 47 same år, og Peik (ein Smørbukkliknande figur) året etter, og serien om Bamsemann kom i 1956. Men, i 1980-83 var han tilbake som tekstforfattar av Smørbukk, no med Solveig Muren Sanden og Håkon Aasnes som teiknarar. Øyvind Dybvad mottok Kongens fortjenestemedalje i gull i 1986, var æresmedlem i Noregs Mållag og fleire periodar leiar i Bondeungdomslaget i Oslo.
Kjelde: "Ingen jul uten Juleheftene"
Jens Hasselberg Nilssen
Jens Hasselberg Nilssen
(1921 - 1996) var son av Jens R. Nilssen og han vokste opp i Just Høeghsgt 2
(seinare Fredensborgveien 9 i Oslo). Jens H. var flink til å teikne,
han teikna Bamsemann og Peik på midten av 50 talet, og han sluttførte
Smørbukk 1959 då faren Jens R vart sjuk og ikkje kunne sluttføre det.
Men det var musikken som låg hans hjarte nærmast og han utdanna seg som
pianist.
Alt i 7 års alderen starta hans interesse for klaveret og han lærte
dette som barn av Nils Larsen. Seinare var han 11 år elev av Halvdan
Kleve ved musikkonservatoriet. Han skulle ha debuterte før, men av
opplagte grunner blei hans debutkonsert som pianist først gjennomført
fredag 19 oktober 1945 i "Konsertpaleet" i Oslo. Nilssen holdt endel konserter og var på turne rundt i landet i alle fall
fram til midten av 50 tallet.
Han starta seinare som pianolærar ved Barratt Dues
musikkinstitutt der han var ansatt i 12 år. Han hadde også ei rekkje
privatelevar.
I 1965 vart han ansatt som repetitør ved Den Norske Opera.
Ved sida av musikken var lyrikk og sjakk hans store lidenskaper. Han
elska diktere som Olav Aukrust, Olaf Bull, Gustav Frøding bl.a. og var i
alle år medlem av Oslo sjakklubb der han også i si tid deltok både i
norske og nordiske mesterskap. Jens Hasselberg Nilssen døyde i 1996. Kjelde: Tove Edvardsen Hovland (niese)
Otto Wiese-Moe
Otto
Wiese-Moe (1922-2004) var fødd og oppvaksen i Kopervik. Etter krigen budde han ei kort
periode i Oslo, før han flytta til Høvik i Bærum (1950), der han budde resten
av livet. Han utdanna seg som reklameteiknar ved Det Tekniske Selskabs Skole i
København (1946),deretter videreutdanning ved Reklameskolen på Oslo Børs (1946).
Den første teikninga han fekk
publisert var på barnesida i A-Magasinet (ukjent tidspunkt).
Eit
illustrert hefte med skråblikk på opplevingane under felttoget Finnmark
(Wiese-Moe 1946), der han deltok i dei norske Politistyrkane (tildelt
Deltagermedaljen i 1988), må reknast som starten på hans lange karriere som
profesjonell teiknar.
Signaturen
Wimo begynte han å bruke rundt 1950.
I dei første åra etter krigen var
han innom reklamebransjen som freelance, med illustrerte kampanjer for bl.a.
Radionette (Kurer reiseradio), Küenholdt forlag, der han teikna både brevsett
og ei rekke postkort, og ukepressen, med bl.a. illustrerte forsider til Hjemmet
og Norsk Ukeblad.
På slutten av 1940-tallet vart han
fast freelance i Bladkompaniet, der han illustrerte forlagets magasiner (dvs. brorparten
av forsidene, så vel som mindre vignetter og illustrasjoner) som bl.a. Tyrihans,
Haukepatruljen (forsider til Revyene 1957-1961), Ukemagasinet, Western, Romantikk,
Detektivmagasinet, Nissens Jul, og ikkje minst, fleire hundre forsider av
pocketbøkene, til byrjinga av 1990-tallet. I si bok til Bladkompaniets 75-årsjubileum
i 1990, sier Arnesen (1990) at Otto Wiese Moe med rette må seiast å være ein av
forlagets to store teiknarar (ved siden av Jan Lunde) i Bladkompaniets 75-årige
historie. (Sjølvportrettet vart teikna spesielt for denne jubileumsboka.)
Parallelt teikna han også ei lang rekke jule- og påskekort,
også for svenske forlag, og illustrerte fleire lærebøker for Fabritius, Norli
og Gyldendal, mm.
Kulturhistorikar, journalist og
forfattar Willy B. (1994), betegner Otto Wiese-Moe som ein av dei fire store norske
pocketbok-illustratørar (saman med Sten Nilsen, John I. Stensrud og Harald Damslett)
på 1950- og 1960-talet (mens Svein Solheim dominerte på 1980- og 90-tallet). Dette
synet stør Økland (1995), som i sin gjennomgang og vurdering av norske
bokomslag 1880-1980, trekkjer fram Otto Wiese-Moe som ein nyskapende og markant
pocketbok-illustratør i denne perioden (1940-60).
Utover 1990-tallet trakk han seg
gradvis tilbake for å nyte ein pensjonisttilværelse utan tidsfrista. Forsidene
til Willy b. (1994) og Nissens jul (1995) var blant hans siste teikneoppdrag.
Kjelde: Kjell A. Moe (son)
Håkon Aasnes
Håkon Aasnes vart fødd i 1943, og oppvaksen i Aurskog. Han gjekk på Westerdals reklameskole i 1972-73. Aasnes fekk publisert sin første serie Seidel og Tobram i norske aviser i 1972. I 1981 tok han over Smørbukk etter Solveig Muren Sanden, og det første julehefte i hans strek kom i 1982. Etter det har Aasnes illustrert serien sidan, og frå 2000 var han ansvarleg både for tekst og bilder. I tillegg til Smørbukk har han også teikna Fantomet og Donald Duck. Tuss & Troll har han teikna sidan 1992, og her debuterte han som eventyrdiktar med Eit ynskje for mykje(Tuss og Troll 2003). Håkon har teikna Gråtass Julehefte sidan 2002, og i 2005 overtok han også 91. Stomperud. Ingenting å seie på arbeidskapasiteten til denne teiknaren heller. Du kan sjå forsider teikna av Håkon Aasnes i menyen til venstre.
Kjelder: "Ingen jul uten Juleheftene" og Håkon Aasnes sjølv.
|
|
|
 |
|
|
|
|
Sjekk "Nissens Jul" under Julehefter Litterære.
|
|
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE
|