Tuss & Troll (1945-1946,1948-)
Det var Øyvind Dybvad som fekk ideen til ein teikneserie basert på folkeeventyra, og Jens R. Nilssen teikna denne serien frå 1945 til 1956. Då tok Solveig Muren Sanden over streken, og gjorde mange fantastiske teikningar. Sidan det året er omlag alle forsidene signer SMS heilt fram til i dag, noko som er svært imponerande når vi veit at ho passerte 90 i år. Dei 9 første blada var ikkje merkte med årstal, men hadde titlar samling, frå 1955 kom årstala til, bladet kom ikkje ut i 1947. Under kan du sjå nokre av forsidene fram til 1980, legg merke til baksidene av hefta på byrjinga av 50 tallet, Jens R. teikna omslaget slik at forsida og baksida danna eit stort eventyrbilde. I 1978 vart Tuss & Troll utgjeve i eit begrensa opplag på engelsk, oversatt av Marion John Nelson.
Forlaget "Astri my Astri Publishing" og Deb Nelson Gourley i samarbeid med "Norsk Barneblad" arbeider med å gi ut Tuss & Troll i amerika til hausten 2010.
Det blir bokform på lik linje med "The Boys from Vangen"