Nils og Blåmann (1929-1943,1946-1949,1951-1953,1955-1961)
Nils og Blåmann er ein av dei lengstlevande og mest populære norske teikneserie, første gong publisert i vekebladet Illustrert Familieblad i 1927, og det første juleheftet kom i 1929.
Nils og Blåmann vart forfatta av Sigurd Winsnes (1896-1969) og teikna av Ivar Mauritz-Hansen (1897-1972). Dei to laga serien fram til 1952, herifrå og fram til serien vart lagt ned i 1967 var det Bjørn Winsnes og Erik von Krogh som hadde ansvaret for Nils og Blåmann. Siste ordinære julehefte kom så vidt eg veit i 1961. Bladet kom ikkje ut i 1944, 1945, 1950 og 1954.