Beatles

1 - 1969

baksida

teltet i hagen

orginal Jeremy-teikning og sign av Bob Balser

Beatles (1969)

Her overlet eg ordet til ein verkeleg kjennar:


I løpet av dei mange samtalane Arild og eg har hatt om teikneseriar, fortalde eg ein gong mi personlege anekdote - eller snarare stemningsbilete - om det eine bladet som for meg står som ein bauta når det gjeld barndom og oppvekst, 60-tal og popkultur. Han har bede meg om å skrive dette ned for nettstaden sin, og i og med at det i år er 40-års jubileum høver det godt. For å utfylle soga har eg her også funne fram litt stoff i det private biletarkivet.

 

Sommaren 1969 var som alle barndomens sommarar lang, heit og skyfri. I mange veker (truleg dagar) hadde eg gjort mine faste besøk i kiosken til Borgny (Smørdal) på hjørnet mellom Fr. Svendsens Bokhandel og Finn Ose Maskinvareforretning (der som Gundersen frisør har lokale i dag). Om ikkje det var det beste utvalet av teikneserier i Volda, så var det i alle fall nærast heimen. Til vanleg var det Donald Duck & Co som vart kjøpt inn og nilest kvar veke, men dette var tradisjon å handle i lag med matvarene på Røyslid Handel, i den gule buda i Kårstadvegen der onkel Jarle dreiv butikk. Av og til vart det også supplert med siste Prærie-bladet, Fantomet, og sjølvsagt Illustrerte Klasssikere, men desse var det Borgny i kiosken som førte.

Det som freista spesielt denne sommaren, var eit nytt og fargerikt blad som heitte Beatles Yellow Submarine. Interessa mi for Beatles sin musikk var kveikt allereie på eit tidlegare tidspunkt - hugsar ein endå tidlegare sommar der "Schi lapshcu je-je-je" stadig vart intenst framført. Dette var ei tid då einaste krinkastingsselskapet NRK berre unntaksvis formidla kva som føregjekk innan ungdomskultur, så kva konseptet Yellow Submarine innebar hadde eg og andre lita peiling på.

Ikkje veit eg no korleis finansieringa vart ordna, men eg hugsar godt tidspunktet då eg hadde 4 kroner i handa og var på veg ned til kiosken for å kjøpe dette bladet. Sola skein sjølvsagt, eg hadde på brune skinnsandalar, bevernylonbukse med brune, oransje og svarte striper, og kaki trøye - eller sweatshirt som det heiter no. Sveisen var eg sikkert godt nøgd med. Det var det næraste frisør Minna kunne gå med på i retning Beatles-sveis.

Bladet vart handla. Om resten av pengane skulle leverast attende til ein eventuell sponsor - eller om eg hadde lov til å bruke dei 25 øra til litt snop i ein spisspose - det veit eg ikkje. Men det siste er vel mest truleg.

Som alltid ved bladkjøp fikk eg gummistrekk rundt det sammenrulla bladet, og eg dunka det taktfast mot låret i det eg gjekk opp at mot heimen og hagen.

I hagen var familieteltet vårt sett opp til lufting og ungane sitt beste også denne sommaren. Det var eit standard 6-mannstelt i oransje og blå bomullsduk og med blått plastgolv. Der inne var det ly for sola og ein ideell stad for djupsindige studiar. Innimellom lesinga studerte eg også teltsaumane så godt at dei står "levande" fram for meg den dag i dag. Å ligge på magen der inne å lese og dagdrøyme - det var livet!

Og studiar vart det. Her var det teikningar som eg aldri hadde sett før. Fargar og linjer som ikkje likna på noko av det som var standardlektyre. Eg registrerte fort at dette bladet var merka nr. 1 - flott - det ville då tyde at fleire utgåver var på gang (noko som aldri skjedde). Språket var heller ikkje likt noko anna. Her måtte eg virkelig skjerpe meg for å finne ut om teksten var dialog eller om det var lagt inn dobbeltmeiningar i snakkeboblene. Til dømes festa eg meg ved ei boble der George seier; "Nå, Ringo. Hva gjelder det? Er det en sak du vil ha tatt opp eller ned?". Slik humor var ikkje daglegdags då, og eg hadde korkje sett A Hard Day's Night eller noko anna med Liverpool-humor tidligare - men det fall i smak.

Det var ikkje uvanleg akkurat på denne tida at filmar - særleg frå Disney - også vart utgitt i form av teikneserie. M.a. hugsar eg godt Mary Poppins og eit blad om ein gut som heitte Emil. Yellow Submarine skilte seg derimot godt ut frå desse, då historia faktisk dreiar seg mest om reisa fram til der handlinga skal skje. Liksom i filmen er det det som skjer under reisa som er essensen i historia. Problemstillinga og avslutninga opptek heller liten plass i bladet. I tillegg er det figurane svært lite opptatt av oppdraget, men vert heller kasta rundt i ei surrealistisk verd som styrer dei meir enn omvendt. Banebrytande greier i 1969! I alle fall for meg.

Bladet vart studert, tida var viktig, stemninga og lukta og kjenslene var opphøga sommar og barndom. Dette står for meg som starten. Omlag eit halvår seinare får eg mi første Beatles-plate Abbey Road. Dette var faktisk mi første personlege plate i det heile tatt. Bladet vart lest i filler - og plata utsliten. Men Beatles-interessa har eg intakt til dags dato. Gjennom åra har dette ført til tallause musikkopplevingar, venskap og "forsking" - og utgjer ein vesentleg del av det som gjer meg til meg.

 

Den første og dei 3 påfølgande Abbey Road-albuma har eg framleis i samlinga mi, men bladet vart altså lest i filler og forsvann til slutt. Etter det eg har forstått gjennom åra, vart bladet utgjeve i eit ikkje så veldig stort førsteopplag og aldri meir. Dette har gjort det til ein eignalut både hjå Beatles- og teikneserieentusiastar, noko som igjen har ført til at dei få gode eksemplara som svirrar rundt har fått ein relativt høg pris - dersom ein i det heile har fått sjansen til å sjå bladet. Arild kjente godt min hig etter å få tak i dette "barndomsikonet", og sytte for at dette skjedde for få år tilbake. Takk for det! I dag ligg det på min sikraste plass og er ikkje til sals!

 

PS1

Det er ikkje så mykje bakgrunnsstoff å finne om dette bladet, men eg har makta å få på det reine at dette er den norske versjonen av ei amerikansk utgåve, og at bladet faktisk kom ut før filmen hadde hatt premiere. Dette fører m.a. til nokså store avvik i handlinga og miljøskildringane når ein samanliknar dei to mediene.

 

PS2

Som styremedlem i Volda Filmteater var eg i 2005 med på å arrangere eit Yellow Submarine-seminar her i Volda. Dette omhandla filmutgåva, og Bob Balser og John Coates, som var sentrale personar i produksjonen av filmen, kom til bygda for å halde foredrag. Eg nytta då sjølvsagt høvet til å få signert nokre av mine Yellow Submarine-effektar - m.a. original engelsk lp-plate og Corgi Toys sin replika ubåt. På plata fikk eg til og med ei original Jeremy-teikning av Bob Balser!

 

Helge Halkjelsvik

Volda, januar 2009

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

03.08 | 23:09

Du kan nå meg på fjuksta@online.no

...
02.08 | 18:59

Hei igjen Arild , er det en epost adress jeg kan nå deg på ?
vh Arne M.Vindedal

...
01.08 | 11:25

Hei Arne
Ja, sida er fortsatt aktiv, men blir nok ikkje like ofte oppdatert som før.
Ta gjerne kontakt på mail om du ønsker å slå av ein julehefteprat.

...
31.07 | 19:21

Hei er denne siden aktiv ? Jeg er journalist og ønsker å skrive om gamle julehefter. Send meg en mail om siden din er aktiv. :)

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE