Frå midten av 1800 talet og fram til slutten av 1950 talet vart det publisert så mage som 150 såkalla vittigheitsblad.
Eg vil her presentere eit lite utvalg av dei. Dette var satireblad, og det var spesielt politikken som vart utsett for skjemt
og vitsar.
I nokre av blada vart det og trykt pin-up damer utover
1900
talet.
Teiknarar står i parantes.
1862 - 1932 Vikingen (August Schneider)
1882 - 1958 Tyrihans (Gustav Lærum, Gustav Holter)
1905 - 1928 Hvepsen (Jens R. Nilssen)
1905 - 1953 Humoristen (Sverre Halvorsen, Jens R. Nilssen)
1917 - 1952 Karikaturen (Jens R. Nilssen)
1945 - 1946 Skratt
Pin-up blada dukka opp i byrjinga av femtitalet. Rett nok hadde både "Tyrihans" og "Krydder" inneholdt pin-up illustrasjonar i mange år, men i 1951 kom det første nummeret av "Cocktail" og
då vart ein ny standard satt. Bladet hadde aktfotografi på forsideomslaget, og var etter den tids standard svært dristig.
I 1952 kom Bikini og avisa Verden
Rundt, og året etter kom Joker.
Kjelde: "Drømmenes marked"