Jens Richard Nilssen (1880- 1964) komr frå Dal , utanfor Valberg i Lofoten. Far hans ville at han skulle bli lærar, men Jens likte betre å teikne og måle.
Han har utdanning både frå
Christiania Kunst og Håndverksskole
, og frå
Krøyers malerskole i København.
Etter utdanninga teikna han i diverse humoblader som
Humoristen
,
Hvepsen og Karikaturen.
Jens R. fekk tidleg interesse for teikneseriar, og i 1930 kom Haukepatruljen(1930-1956) ut for første gong. Etter det fylgde klassikarar som Smørbukk (1941-1959), Vangsgutane (1941-1957) og Tuss & Troll (1945-1956) som perler på ei snor.
Frå 1930-talet og utover teikna Jens R. omlag 50 bokomslag , dei fleste for Norsk Barneblads Forlag, men også for Fonna Forlag og nokre til Olaf Norlis Forlag.
Han hadde ein arbeidskapasitet utanom det vanlige, leverte aldri noko "venstrahandsarbeid" og fylgde deadline til punkt og prikke. Det var nok Smørbukk som låg Jens R. sitt hjarte nærmast, denne serien var den siste han gav frå seg.
Hør Herbjørn Sørebø fortelle om Jens R. Nilssen
her'
Nedanfor har eg samla døme på mange av dei flotte forsider og teikningar som Nilssen teikna gjennom si lange periode som aktiv teiknar. Eg legg ikkje ut noko av teikneseriane her, dei ser dåkke under Norske Julehefter.
Kjelder: "Ingen jul uten Juleheftene" av Haakon W. Isachsen og
"Jens R" den folkekjære teiknaren av Herbjørn Sørebø