Jostein R. Øvrelid

Teiknar og forlagsredaktør Jostein Ragnvald Øvrelid (1910 - 1983) vart fødd i Førde, og son av Jacobina og Rasmus Øvrelid. 

Då Jostein var 6 år, flytta familien hit til Volda der far hans var lærar og ei stund rektor på Volda lærarskule. Jostein synte tidleg interesse for både teknisk emne og teikning, men til sist vart det teikning som vart levevegen. 

Han utdanna seg ved The Press Art School i London og Statens Håndverk- og kunstindustiskole i Oslo. I 1934 byrja han som teiknar i det nystarta Nynorsk Vekeblad, som seinare vart til Fonna Forlag. 

Etter krigen vart Jostein R. Øvrelid fast tilsett i Fonna Forlag, med ansvar for mellom anna biletredigering i det store leksikonverket Norsk Allkunnebok, illustrasjonsteikning i blad og bøker som kom ut på Fonna og andre forlag. 

Sist men ikkje minst teikna han serien om Ingeniør Knut Berg under pseudonymet Ronald Stone, som var ei omskriving av namnet hans. Dette var mykje arbeid, først teikna han med blyant, så med tusjpenn og til slutt med raud akvarellfarge.


Teikninga av Jostein R. Øvrelid: Knut Westad (frå "Ingeniør Knut Berg Julehefte 2007" - Fonna Forlag LL)


Kjelder: "Ragnhild Øvrelid, frå Knut Berg hefte 2006" og "Ingen jul uten Juleheftene". 


Du har fremdeles ikke lagt til bildet i fotoalbumet.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

24.01 | 16:21

Where buy?

...
08.01 | 14:21

mangler nr 21 24 35 48 49 1954 og 1 2 4 9 13 15 16 1955

...
16.07 | 12:18

Fantastisk! Din nettside og bilder fra kjeller og loft har vært en stor inspirasjon til innredning av eget nostalgirom

...
18.03 | 21:28

Jeg har flere av de første utgavene av Tuss& troll. Samt mye tidlig Smørbukk. Vært gøy å fått oversikt på verdiene på disse.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE