Øyvind Dybvad (1908-1989) vart fødd i Stjørdal som yngstemann av seks søsken, faren var skulestyrar på
Frosta, men døydde då Øyvind var 14 år. Dybvad tok underoffisersutdanning og arbeidde både som gardsgut og på småflyhamna på Gressholmen.
Med bakgrunn frå handelskule, folkehøgskule og underoffisersskule
tok han i 1941 til å arbeide i Norsk Barneblad. Her fekk han i oppgåve av Andreas Haavoll å dikte nokre Smørbukk historier,
og Øyvind utvikla serien på alle måtar. Smørbukk vart langt meir morosam både i tekst og bilder, noko som passa teiknaren og humoristen Jens R. Nilssen særs godt.
I tillegg til å utvikle Smørbukk med
både islendaren og Kong Olav-huva, og gutungen Øyvind delvis som rollefigur, skapte han Tuss & Troll i 1944.
Frå 1949 var han redaktør
saman med Andreas Haavoll, men dei to vart usamde om opphavsretten til Smørbukk og Tuss & Troll i 1954. Øyvind Dybvad gjekk då til Noregs Boklag, der han starta seriane Soldat 47 same år, og Peik (ein Smørbukkliknande figur) året etter, og serien om Bamsemann kom i 1956.
Men, i 1980-83 var han tilbake som tekstforfattar av Smørbukk, no med Solveig Muren Sanden og Håkon Aasnes som teiknarar.
Øyvind Dybvad mottok Kongens fortjenestemedalje
i gull i 1986, var æresmedlem i Noregs Mållag og fleire periodar leiar i Bondeungdomslaget i Oslo.
Kjelde: "Ingen jul uten Juleheftene"