Andreas Haavoll (1869 - 1958) frå Ørsta var mannen som starta eventyret om teikneseriefiguren Smørbukk.
Han var utdanna lærar og hadde arbeidd som bankmann, men vart meir og meir involvert i bladarbeid.
Med røynsle frå m.a. Kristiansund-bladet Nordmør (frå 1903) kom han til Oslo i 1910 og fekk stilling som forretningsstyrar i nynorskavisa Den
17de Mai, der Rasmus Steinsvik frå Dalsfjord i Volda var bladstyrar.
I 1912 tok dei over Norsk Barneblad som hadde vore i pengeknipe ei stund, Haavoll og Steinsvik skaut
inn pengar og fekk bladet på fote igjen. Steinsvik døydde året etter, og Haavoll styrte deretter bladet saman med Arne Falk.
Frå 1918 styrde
han bladet åleine, og skipa same året Norsk Barneblads Forlag. Dette vart starten på ei rekkje klassiske nynorske barnebøker. Seinare fekk han med seg namn som Øyvind Dybvad og Johannes Farestveit som begge har vore med
på å skrive Smørbukkhistorier.
Smørbukk vart
til ved eit tilfelle. Teiknaren Jens R. Nilssen som hadde vore tilknytta Norsk Barneblad sidan 1906, illustrerte folkeeventyret om Smørbukk i 1938, og allereie i neste nummer av Norsk Barneblad var Smørbukk på plass - no som eigen
teikneserie.
Datoen var 30. juni 1938, som etter tidsrekninga for nynorsk teikneseriehistorie er år null.
Kjelde. "Inga jul uten Juleheftene"
Bilde av Andreas Haavoll er malt av Jens R. Nilssen.