Velkomen til heimesida mi
Var du klar over at teikneseriefigurane Smørbukk kom frå Ørsta, og Ing. Knut Berg frå Volda? Om du les vidare på sida mi, forstår du kva eg meinar. Denne sida vil hovudsakeleg handle om nostalgi, teikneseriar, spesielt norske julehefter, men og andre teikneserier blir omtala. Det blir og litt anna lesestoff som t.d. Hardy- guttene, Morgan Kane, herremagasiner og noko musikk. Eg jobbar stadig med sida, så det kan lønne seg å stikke innom med jamne mellomrom for å sjå. Setter stor pris på tilbakemeldingar, og skulle det dukke opp noko du meiner er feil, send meg ein mail: fjuksta@online.no
Andreas Haavoll
Andreas Haavoll (1869 - 1958) frå Ørsta var mannen som starta eventyret om teikneseriefiguren Smørbukk. Han var utdanna lærar og hadde arbeidd som bankmann, men vart meir og meir involvert i bladarbeid. Med røynsle frå m.a. Kristiansund-bladet Nordmør (frå 1903) kom han til Oslo i 1910 og fekk stilling som forretningsstyrar i nynorskavisa Den 17de Mai, der Rasmus Steinsvik frå Dalsfjord i Volda var bladstyrar. I 1912 tok dei over Norsk Barneblad som hadde vore i pengeknipe ei stund, Haavoll og Steinsvik skaut inn pengar og fekk bladet på fote igjen. Steinsvik døydde året etter, og Haavoll styrte deretter bladet saman med Arne Falk. Frå 1918 styrde han bladet åleine, og skipa same året Norsk Barneblads Forlag. Dette vart starten på ei rekkje klassiske nynorske barnebøker. Seinare fekk han med seg namn som Øyvind Dybvad og Johannes Farestveit som begge har vore med på å skrive Smørbukkhistorier. 
Smørbukk vart til ved eit tilfelle. Teiknaren Jens R. Nilssen som hadde vore tilknytta Norsk Barneblad sidan 1906, illustrerte folkeeventyret om Smørbukk i 1938, og allereie i neste nummer av Norsk Barneblad var Smørbukk på plass - no som eigen teikneserie. Datoen var 30. juni 1938, som etter tidsrekninga for nynorsk teikneseriehistorie er år null.
Kjelde. "Inga jul uten Juleheftene"
Bilde av Andreas Haavoll er malt av Jens R. Nilssen.

Øyvind Dybvad
Øyvind Dybvad (1908-1989) vart fødd i Stjørdal som yngstemann av seks søsken, faren var skulestyrar på Frosta, men døydde då Øyvind var 14 år. Dybvad tok underoffisersutdanning og arbeidde både som gardsgut og på småflyhamna på Gressholmen.
Med bakgrunn frå handelskule, folkehøgskule og underoffisersskule tok han i 1941 til å arbeide i Norsk Barneblad. Her fekk han i oppgåve av Andreas Haavoll å dikte nokre Smørbukk historier, og Øyvind utvikla serien på alle måtar. Smørbukk vart langt meir morosam både i tekst og bilder, noko som passa teiknaren og humoristen Jens R. Nilssen særs godt.
I tillegg til å utvikle Smørbukk med både islendaren og Kong Olav-huva, og gutungen Øyvind delvis som rollefigur, skapte han Tuss & Troll i 1944.
Frå 1949 var han redaktør saman med Andreas Haavoll, men dei to vart usamde om opphavsretten til Smørbukk og Tuss & Troll i 1954. Øyvind Dybvad gjekk då til Noregs Boklag, der han starta seriane Soldat 47 same år, og Peik (ein Smørbukkliknande figur) året etter, og serien om Bamsemann kom i 1956.
Men, i 1980-83 var han tilbake som tekstforfattar av Smørbukk, no med Solveig Muren Sanden og Håkon Aasnes som teiknarar.
Øyvind Dybvad mottok Kongens fortjenestemedalje i gull i 1986, var æresmedlem i Noregs Mållag og fleire periodar leiar i Bondeungdomslaget i Oslo.

Kjelde: "Ingen jul uten Juleheftene"

Jens Hasselberg Nilssen
Jens Hasselberg Nilssen (1921 - 1996) var son av Jens R. Nilssen og han vokste opp i Just Høeghsgt 2 (seinare Fredensborgveien 9 i Oslo).
Jens H. var flink til å teikne, han teikna Bamsemann og Peik på midten av 50 talet, og han sluttførte Smørbukk 1959 då faren Jens R vart sjuk og ikkje kunne sluttføre det. Men det var musikken som låg hans hjarte nærmast og han utdanna seg som pianist.
Alt i 7 års alderen starta hans interesse for klaveret og han lærte dette som barn av Nils Larsen. Seinare var han 11 år elev av Halvdan Kleve ved musikkonservatoriet. Han skulle ha debuterte før, men av opplagte grunner blei hans debutkonsert som pianist først gjennomført fredag 19 oktober 1945 i "Konsertpaleet" i Oslo.
Nilssen holdt endel konserter og var på turne rundt i landet i alle fall fram til midten av 50 tallet.
Han starta seinare som pianolærar ved Barratt Dues musikkinstitutt der han var ansatt i 12 år. Han hadde også ei rekkje privatelevar.
I 1965 vart han ansatt som repetitør ved Den Norske Opera.
Ved sida av musikken var lyrikk og sjakk hans store lidenskaper. Han elska diktere som Olav Aukrust, Olaf Bull, Gustav Frøding bl.a. og var i alle år medlem av Oslo sjakklubb der han også i si tid deltok både i norske og nordiske mesterskap. Jens Hasselberg Nilssen døyde i 1996.
Kjelde: Tove Edvardsen Hovland (niese)

Otto Wiese-Moe

Otto Wiese-Moe (1922-2004) var fødd og oppvaksen  i Kopervik. Etter krigen budde han ei kort periode i Oslo, før han flytta til Høvik i Bærum (1950), der han budde resten av livet. Han utdanna seg som reklameteiknar ved Det Tekniske Selskabs Skole i København (1946),deretter videreutdanning ved Reklameskolen på Oslo Børs (1946).

  Den første teikninga han fekk publisert var på barnesida i A-Magasinet (ukjent tidspunkt).

Eit illustrert hefte med skråblikk på opplevingane under felttoget Finnmark (Wiese-Moe 1946), der han deltok i dei norske Politistyrkane (tildelt Deltagermedaljen i 1988), må reknast som starten på hans lange karriere som profesjonell teiknar.

Signaturen Wimo begynte han å bruke rundt 1950.

            I dei første åra etter krigen var han innom reklamebransjen som freelance, med illustrerte kampanjer for bl.a. Radionette (Kurer reiseradio), Küenholdt forlag, der han teikna både brevsett og ei rekke postkort, og ukepressen, med bl.a. illustrerte forsider til Hjemmet og Norsk Ukeblad.

  På slutten av 1940-tallet vart han fast freelance i Bladkompaniet, der han illustrerte forlagets magasiner (dvs. brorparten av forsidene, så vel som mindre vignetter og illustrasjoner) som bl.a. Tyrihans, Haukepatruljen (forsider til Revyene 1957-1961), Ukemagasinet, Western, Romantikk, Detektivmagasinet, Nissens Jul, og ikkje minst, fleire hundre forsider av pocketbøkene, til byrjinga av 1990-tallet. I si bok til Bladkompaniets 75-årsjubileum i 1990, sier Arnesen (1990) at Otto Wiese Moe med rette må seiast å være ein av forlagets to store teiknarar (ved siden av Jan Lunde) i Bladkompaniets 75-årige historie. (Sjølvportrettet vart teikna spesielt for denne jubileumsboka.)

Parallelt teikna  han også ei lang rekke jule- og påskekort, også for svenske forlag, og illustrerte fleire lærebøker for Fabritius, Norli og Gyldendal, mm.

Kulturhistorikar, journalist og forfattar Willy B. (1994), betegner Otto Wiese-Moe som ein av dei fire store norske pocketbok-illustratørar (saman med Sten Nilsen, John I. Stensrud og Harald Damslett) på 1950- og 1960-talet (mens Svein Solheim dominerte på 1980- og 90-tallet). Dette synet stør Økland (1995), som i sin gjennomgang og vurdering av norske bokomslag 1880-1980, trekkjer fram Otto Wiese-Moe som ein nyskapende og markant pocketbok-illustratør i denne perioden (1940-60).

            Utover 1990-tallet trakk han seg gradvis tilbake for å nyte ein pensjonisttilværelse utan tidsfrista. Forsidene til Willy b. (1994) og Nissens jul (1995) var blant hans siste teikneoppdrag.

Kjelde: Kjell A. Moe (son)


Håkon Aasnes

Håkon Aasnes vart fødd i 1943, og oppvaksen i Aurskog. Han gjekk på Westerdals reklameskole i 1972-73. Aasnes fekk publisert sin første serie Seidel og Tobram i norske aviser i 1972. I 1981 tok han over Smørbukk etter Solveig Muren Sanden, og det første julehefte i hans strek kom i 1982. Etter det har Aasnes illustrert serien sidan, og frå 2000 var han ansvarleg både for tekst og bilder. I tillegg til Smørbukk har han også teikna Fantomet og Donald Duck. Tuss & Troll har han teikna sidan 1992, og her debuterte han som eventyrdiktar med Eit ynskje for mykje(Tuss og Troll 2003).
Håkon har teikna Gråtass Julehefte sidan 2002, og i 2005 overtok han også 91. Stomperud. Ingenting å seie på arbeidskapasiteten til denne teiknaren heller.
Du kan sjå forsider teikna av Håkon Aasnes i menyen til venstre.

Kjelder: "Ingen jul uten Juleheftene" og Håkon Aasnes sjølv.


Arnt Stenhaug 25.11.2022 19:11

Ønsker kjøpe Vill Vest 5/1976

Magne Gjerstad 15.07.2021 08:56

Hei, jeg er interessert i Tex Willer 1-6/71, samt 7,12/72 og 11,12/73. Er det noe håp i kunne få tak i disse?

Trond 12.02.2019 20:01

Hei!
I tidlige Cocktail søkte redaksjonen etter "nyheter fra førsteklasses tegnere og forfattere", og betalte godt. Vet du hvem som bidro, med alias?

Martin Mathisen 22.11.2018 22:49

Hei. Selger du Joletre/Juletre

Mvh Martin Mathisen 95949507

Arild 23.11.2018 07:48

Hei Martin, ja eg har nokre dublettar som eg kan selge. Send meg mailadressa di til fjuksta@online.no, så kan eg sende deg ei liste.

Ken skjeggerud 18.09.2018 19:17

,Hei Jeg vil gjerne kjøpe Prærieblad 1972 nr. 21,22,23 og 1973 nummer 1,2,3 ha du dem til salgs og hvilken pris?

Arild Fjukstad 18.02.2018 20:45

Hei igjen Hilde.
Kva årstall er desse blada i frå?

Hilde Cath Hatlebrekke 18.02.2018 20:19

Hei! Jeg holder på å rydde et lager og har bl.a. funnet Krydder no. 6 og 7. Ta kontakt hvis du er interessert! Med hilsen Hilde

Arild 03.08.2017 21:09

Du kan nå meg på fjuksta@online.no

arne moe vindedal 02.08.2017 16:59

Hei igjen Arild , er det en epost adress jeg kan nå deg på ?
vh Arne M.Vindedal

arne moe vindedal 31.07.2017 17:21

Hei er denne siden aktiv ? Jeg er journalist og ønsker å skrive om gamle julehefter. Send meg en mail om siden din er aktiv. :)

Arild 01.08.2017 09:25

Hei Arne
Ja, sida er fortsatt aktiv, men blir nok ikkje like ofte oppdatert som før.
Ta gjerne kontakt på mail om du ønsker å slå av ein julehefteprat.

Ove Sandnes 08.07.2015 22:46

En meget bra og ikke minst lærerik hjemmeside. Godt jobbet.

ole jonny 24.03.2014 19:50

noen som har gamle jol i telemark og selge 50talls og gamlere

Hild 24.04.2012 13:15

Fin side, Arild! Men seriøst, julemusikk i april??

Linda 16.01.2012 23:22

Heilt imponert over kor flott sida di he blitt

Arild 17.01.2012 15:57

Takk for det Linda

Elisabeth Horne 02.01.2012 13:44

Hei!
Jeg går 3 klasse på Åssiden vgs, og skriver særemne om julehefter! Men jeg har problemer med problemstillinga mi og å finne kilder. Har du noen forslag? :)

Arild 02.01.2012 18:52

Hei Elisabeth
Om du henvender deg på biblioteket og låner bøkene "Ingen jul uten Juleheftene" og "Juleheftenese historie" så har du i alle fall kilde.

jan erik suarez 01.12.2011 20:36

hei lurte på om du har hørt om et vill vest samlekort hefte med kort som man limte inn i heftet..eller kan hende det hette noe annet som wild west eller lign.:)

arild 01.12.2011 21:44

Hei Jan Erik
Eneste samlekort jeg kjenner til er Flysamleserien fra 1959 som gjekk i Vill Vest og Præriebladet. Jeg mener at der var et eget hefte til dette.

Arild 28.11.2011 00:39

Hei TA og takk for fin omtale. Eg veit at du kan få kjøpt innbundne samleutgaver av Tuss & Troll og Smørbukk ved å henvende deg til Norsk Barneblad.

- TA 27.11.2011 21:39

Heisann
Virkelig en omfattende og spennende side! Vet du om Tuss og troll eller Haukepatruljen har kommet i en samlet utgavetidligere og evt hvor man kan kjøpe?

Arild 14.05.2011 13:17

Då er Tuss & Troll samlinga komplett, Mons Raudskjegg er komen på plass

Arild 23.04.2011 18:05

Smørbukk og Tuss & Troll bøker lagt inn på sidene

Arild 18.03.2011 10:22

Bilete av Arne Wold lagt inn under Ola Nordigard.

Arild 17.03.2011 11:51

Bilete av Ivar Mauritz-Hansen under Nils & Blåmann

| Svar

Nyeste kommentarer

25.11 | 19:11

Ønsker kjøpe Vill Vest 5/1976

21.11 | 23:31

Hei ! Jeg vil gjærne kjøpe juleheftene av Vangsgutane ifra 1942 og 1965.

21.11 | 23:27

Hei ! Jeg er intEressert å kjøpe Julehefter av Vangsgutane i fra 1993,1994,1995,1996 og 1997.

10.11 | 20:09

Interessert i å kjøpe Stomperud julen 1951