 |
 |
|
 |
 |
|
|
 |
Var du klar over at teikneseriefigurane Smørbukk kom frå Ørsta, og Ing. Knut Berg frå Volda? Om du les vidare på sida mi så forstår du kva eg meinar. Denne sida vil hovudsakeleg handle om nostalgi, teikneseriar, spesielt norske julehefter, men og andre teikneserier blir omtala. Det blir og litt anna lesestoff som t.d. Hardy- guttene og kansje Morgan Kane, og noko musikk. Eg jobbar stadig med sida, så det kan lønne seg å stikke innom med jamne mellomrom for å sjå. Setter stor pris på tilbakemeldingar, og skulle det dukke opp noko du meiner er feil så send meg ein mail. fjuksta@online.no
Andreas Haavoll
Andreas Haavoll (1869 - 1958) frå Ørsta var mannen som starta eventyret om teikneseriefiguren Smørbukk. Han var utdanna lærar og hadde arbeidd som bankmann, men vart meir og meir involvert i bladarbeid.
Med røynsle frå m.a. Kristiansund-bladet Nordmør (frå 1903) kom han til Oslo i 1910 og fekk stilling som forretningsstyrar i nynorskavisa Den 17de Mai, der Rasmus Steinsvik frå Dalsfjord i Volda var bladstyrar. I 1912 tok dei over Norsk Barneblad som hadde vore i pengeknipe ei stund, Haavoll og Steinsvik skaut inn pengar og fekk bladet på fote igjen. Steinsvik døydde året etter, og Haavoll styrte deretter bladet saman med Arne Falk. Frå 1918 styrde han bladet åleine, og skipa same året Norsk Barneblads Forlag. Dette vart starten på ei rekkje klassiske nynorske barnebøker. Seinare fekk han med seg namn som Øyvind Dybvad og Johannes Farestveit som begge har vore med på å skrive Smørbukkhistorier. Smørbukk vart til ved eit tilfelle. Teiknaren Jens R. Nilssen som hadde vore tilknytta Norsk Barneblad sidan 1906, illustrerte folkeeventyret om Smørbukk i 1938, og allereie i neste nummer av Norsk Barneblad var Smørbukk på plass - no som eigen teikneserie. Datoen var 30. juni 1938, som etter tidsrekninga for nynorsk teikneseriehistorie er år null. Kjelde. "Inga jul uten Juleheftene" Bilde av Andreas Haavoll er malt av Jens R. Nilssen.
Jens R. Nilssen
Jens Richard Nilssen (1880- 1964) kom frå Dal, utanfor Valberg i Lofoten. Far hans ville at han skulle bli lærar, men Jens likte betre å teikne og måle. Han har utdanning både frå Christiania Kunst og Håndverksskole, og frå Krøyers malerskole i København. Etter utdanninga teikna han i diverse humoblader som Humoristen, Hvepsen og Karikaturen. Jens R. fekk tidleg interesse for teikneseriar, og i 1930 kom Haukepatruljen(1930-1956) ut for første gong. Etter det fylgde klassikarar som Smørbukk (1941-1959), Vangsgutane (1941-1957) og Tuss & Troll (1945-1956) som perler på ei snor. Han hadde ein arbeidskapasitet utanom det vanlige, leverte aldri noko "venstrahandsarbeid" og fylgde deadline til punkt og prikke. Det var nok Smørbukk som låg Jens sitt hjarte nærmast, denne serien var den siste han gav frå seg. Forsider teikna av Jens R. Nilssen finn du her: Haukepatruljen, Smørbukk, Tuss & Troll og Vangsgutane. Kjelder: "Ingen jul uten Juleheftene" av Haakon W. Isachsen og "Jens R." av Herbjørn Sørebø.
Øyvind Dybvad
Øyvind Dybvad (1908-1989) vart fødd i Stjørdal som yngstemann av seks søsken, faren var skulestyrar på Frosta, men døydde då Øyvind var 14 år. Dybvad tok underoffisersutdanning og arbeidde både som gardsgut og på småflyhamna på Gressholmen. Med bakgrunn frå handelskule, folkehøgskule og underoffisersskule tok han i 1941 til å arbeide i Norsk Barneblad. Her fekk han i oppgåve av Andreas Haavoll å dikte nokre Smørbukk historier, og Øyvind utvikla serien på alle måtar. Smørbukk vart langt meir morosam både i tekst og bilder, noko som passa teiknaren og humoristen Jens R. Nilssen særs godt. I tillegg til å utvikle Smørbukk med både islendaren og Kong Olav-huva, og gutungen Øyvind delvis som rollefigur, skapte han Tuss & Troll i 1944. Frå 1949 var han redaktør saman med Andreas Haavoll, men dei to vart usamde om opphavsretten til Smørbukk og Tuss & Troll i 1954. Øyvind Dybvad gjekk då til Noregs Boklag, der han starta seriane Soldat 47 same år, og Peik (ein Smørbukkliknande figur) året etter, og serien om Bamsemann kom i 1956. Men, i 1980-83 var han tilbake som tekstforfattar av Smørbukk, no med Solveig Muren Sanden og Håkon Aasnes som teiknarar. Øyvind Dybvad mottok Kongens fortjenestemedalje i gull i 1986, var æresmedlem i Noregs Mållag og fleire periodar leiar i Bondeungdomslaget i Oslo.
Kjelde: "Ingen jul uten Juleheftene"
Jostein R. Øvrelid
Teiknar og forlagsredaktør Jostein Ragnvald Øvrelid (1910 - 1983) vart fødd i Førde, og son av Jacobina og Rasmus Øvrelid. Då Jostein var 6 år, flytta familien hit til Volda der far hans var lærar og ei stund rektor på Volda lærarskule. Jostein synte tidleg interesse for både teknisk emne og teikning, men til sist vart det teikning som vart levevegen. Han utdanna seg ved The Press Art School i London og Statens Håndverk- og kunstindustiskole i Oslo. I 1934 byrja han som teiknar i det nystarta Nynorsk Vekeblad, som seinare vart til Fonna Forlag. Etter krigen vart Jostein R. Øvrelid fast tilsett i Fonna Forlag, med ansvar for mellom anna biletredigering i det store leksikonverket Norsk Allkunnebok, illustrasjonsteikning i blad og bøker som kom ut på Fonna og andre forlag. Sist men ikkje minst teikna han serien om Ingeniør Knut Berg under pseudonymet Ronald Stone, som var ei omskriving av namnet hans. Dette var mykje arbeid, først teikna han med blyant, så med tusjpenn og til slutt med raud akvarellfarge. Teikninga av Jostein R. Øvrelid: Knut Westad (frå "Ingeniør Knut Berg Julehefte 2007" - Fonna Forlag LL) Kjelder: "Ragnhild Øvrelid, frå Knut Berg hefte 2006" og "Ingen jul uten Juleheftene".
Solveig Muren Sanden
Solveig Muren Sanden vart fødd i 1918, vaks opp i Vrådal i Telemark der ho framleis bur. Ho reiste til Oslo og tok til på Kunst- og Handversskulen før krigen. Så gjekk ho på Statens Kunstakademi der ho spesialiserte seg i måling. Ho fekk selt nokre teikningar i m.a. Jol i Telemark, då vart ho fortald at streken hennar likna på Jens R. Nilssen sin. Solveig fekk tilbod om å ta over Tuss & Troll, og i 1957 kom det første julehefte i hennar strek. Dette gjorde ho så godt at det var naturleg for henne å ta over Smørbukk då Jens R. måtte gi seg i 1959, men ho takka nei til å teikne Vangsgutane. Solveig Muren Sanden teikna Smørbukk frå 1960 til og med 1981, då ho overlet streken til Håkon Aasnes. Tuss & Troll teiknar ho delvis enno. I år kom Jubileumsboka "Smørbukk 70 år" ut samstundes som Solveig Muren Sanden fylte 90 år. Ei fantastisk bok som alle teikneserie entusiastar bør ha i si samling. Her kan du sjå forsider teikna av Solveig Muren Sanden: Smørbukk og Tuss & Troll Kjelde: "Ingen jul uten Juleheftene"
Håkon Aasnes
Håkon Aasnes vart fødd i 1943, og oppvaksen i Aurskog. Han gjekk på Westerdals reklameskole i 1972-73. Aasnes fekk publisert sin første serie Seidel og Tobram i norske aviser i 1972. I 1981 tok han over Smørbukk etter Solveig Muren Sanden, og det første julehefte i hans strek kom i 1982. Etter det har Aasnes illustrert serien sidan, og frå 2000 var han ansvarleg både for tekst og bilder. I tillegg til Smørbukk har han også teikna Fantomet og Donald Duck. Tuss & Troll har han teikna sidan 1992, og her debuterte han som eventyrdiktar med Eit ynskje for mykje(Tuss og Troll 2003). Håkon har teikna Gråtass Julehefte sidan 2002, og i 2005 overtok han også 91. Stomperud. Ingenting å seie på arbeidskapasiteten til denne teiknaren heller. Du kan sjå forsider teikna av Håkon Aasnes i menyen til venstre. Kjelder: "Ingen jul uten Juleheftene" og Håkon Aasnes sjølv.
|
|
|
 |
|
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE
|