Teiknarane

Jens Richard Nilssen (1880- 1964) kom frå Dal, utanfor Valberg i Lofoten. Far hans ville at han skulle bli lærar, men Jens likte betre å teikne og måle.

Han har utdanning både frå Christiania Kunst og Håndverksskole, og frå Krøyers malerskole i København. 

Etter utdanninga teikna han i diverse magasiner med stor spredning i bodksapen, alt i frå Joletre (1916) til magasiner som Humoristen (1913) , Hvepsen og Karikaturen 

Jens R. fekk tidleg interesse for teikneseriar, og i 1930 kom Haukepatruljen (1930-1956) ut for første gong med Jens R. som teiknar. Etter det fylgde klassikarar som Smørbukk  (1941-1959), Vangsgutane (1941-1957) og Tuss og Troll (1945-1956) som perler på ei snor.

Frå 1930-talet og utover teikna Jens R. omlag 50 bokomslag , dei fleste for Norsk Barneblads Forlag, men også for Fonna Forlag og nokre til Olaf Norlis Forlag.

Han hadde ein arbeidskapasitet utanom det vanlige, leverte aldri noko "venstrahandsarbeid" og fylgde "deadline" til punkt og prikke. Det var nok Smørbukk som låg Jens R. sitt hjarte nærmast, denne serien var den siste han gav frå seg.

Kjelder: "Ingen jul uten Juleheftene" av Haakon W. Isachsen og Jens R" den folkekjære teiknaren av Herbjørn Sørebø


Jan Lunde (1889 - 1963) var ein av norges aller føste teikneserie- skaparar, han fekk noko teikne undervisning av Oscar Wergeland, men i stor grad sjølvlerd som teiknar. Han arbeidde ei tid som teiknar i Middagsavsien, men vart rekrutert til vittigheitsbladet Tyrihans i 1914. 

Lunde fortalte sjølv at det var den eldre kollegaen Jens R. Nilssen som inspirerte han til å bli teiknar. 

Etter første verdenskrig starta han sitt eige vittigheitsblad Strips. I 1922 vart han fast ansatt som teiknar i Bladkompaniet. Der bidro han bl.a. i Nissens Jul

Han skapte ei rekke teikneseriar: Pappa og Pjokken (1917), Skomaker Bekk og tvillingene (1918), Eventyr i billeder (1922), Den usynlige og hans hund (1924) og Dimpen og Dumpen (1929). I 1937 skapte han serien Hansen etter manus av Sverre Vengor. Han overtok Haukepatruljen etter Jens R. Nilssen i 1955. 

I tilegg teikna han omslag til Detektivmagasinet, illustrasjonar til aviser, målebøker for barn, glansbilder og ikkje minst ein heil del julekort.

Jan Lunde hadde ein realistisk strek , men kunne til tider virke noko stiv og enkel. 

Kjelde: "Juleheftenes historie".

Ivar Mauritz-Hansen (1897 - 1994) Ivar Lauritz Lund Mauritz-Hansen vaks opp i Drøbak der han vart født 10. juli 1897. 

Teiknetalentet gjorde at Mauritz-Hansen valgte ein helt annan leveveg enn far sin, som var oberst. Etter endt utdanning i byrjinga av 1920 talet var det ingen jobb å få som arkitekt. I staden fekk Mauritz-Hansen ordna seg fast jobb som teiknar i avisa Tidens Tegn, under redaktør Rolf Thommessen.  Her fikk han prøve seg med teikneseriar som Onkel Brombass, Detektiv Luresen, Råd for uråd og Jumo. I denne perioden blei og Professor Tanke skapt.

Seinare i 1922, gifta han seg med Signe Møller. I 1927 møtte han Sigurd Winsnes og saman skapte dei Nils & Blåmann, ei serie som gjekk i 40 år. Nils og Blåmann er og å finne på julekort og frimerker.

Han teikna og reklame, bl.a. for Lilleborg grønsåpe, Frk Lilleborg, han illustrerte mange bokomslag, teikna gratulasjonskort med barnemotiv, julekort med ulike nisssemotiv som f.eks. Fossekallen, Husnissen, Skogtrollet og Tusseladden.

Teiknar og forlagsredaktør Jostein Ragnvald Øvrelid (1910 - 1983) vart fødd i Førde, og son av Jacobina og Rasmus Øvrelid.

Då Jostein var 6 år, flytta familien hit til Volda der far hans var lærar og ei stund rektor på Volda lærarskule. Jostein synte tidleg interesse for både teknisk emne og teikning, men til sist vart det teikning som vart levevegen.

Han utdanna seg ved The Press Art School i London og Statens Håndverk- og kunstindustiskole i Oslo. I 1934 byrja han som teiknar i det nystarta Nynorsk Vekeblad, som seinare vart til Fonna Forlag.

Etter krigen vart Jostein R. Øvrelid fast tilsett i Fonna Forlag, med ansvar for mellom anna bilde redigering i det store leksikonverket Norsk Allkunnebok, illustrasjonsteikning i blad og bøker som kom ut på Fonna og andre forlag.

Sist men ikkje minst teikna han serien om Ing. Knut Berg under pseudonymet Ronald Stone, som var ei omskriving av namnet hans. Dette var mykje arbeid, først teikna han med blyant, så med tusjpenn og til slutt med raud akvarellfarge.

Teikninga av Jostein R. Øvrelid: Knut Westad (frå "Ingeniør Knut Berg Julehefte 2007" - Fonna Forlag LL)

Odd Harrong (1913 - 1981) var en norsk kunstnar og teikneserieskapar. Ein stor del av hans grafiske produksjon er knytta tematisk til samisk liv og kultur, med motiv lagt til Finnmark. Bilda viser gjerne kvardagssituasjonar, der folkedrakt, gammar, reindrift, hundehald og natur presenterer den tradisjonelle samiske kulturen. 

Harrong startet i 1937 studier ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo, etter å ha mottatt stipend fra AS Sydvaranger. Han studerte under bl.a. Finn Faaborg og Carl von Hanno, og fant snart sin teknikk i tresnitt. I 1939 debuterte Harrong med ei tresnittutstilling i Oslo Kunstforening, og vart same år medlem av Unge Kunstneres Samfund.

Fra 1952 byrja Harrong å gi ut fire forskjellige humoristiske teikneseriehefter, deriblant Harrongs Komikk (1952-53) og Harrongs Cowboy Komikk (1953-56). Seriene vart og trykt i ulike aviser og magasin, og vart gjerne omtala som Harrongkomikk.

Harrong var også kabaretartist og visesangar. Til tross for at kapasiteter som Lalla Carlsen og Bokken Lasson ønsja han til Chat Noir, valgte Harrong karrieren som kunstnar.

Bjarne Kristoffersen (1916 - 1994) var fødd på Solbergmoen i Nedre Eiker i Buskerud. Han var ein norsk illustratør, teikneserieteiknar og -utgjevar. Han var kjent under signaturen Bjarne K.

Bjarne Kristoffersen vaks opp i ein religiøs heim der ein mellom anna ikkje las vekeblad. Han var berre elleve-tolv år då han fekk si første offentleige teikning på trykk i Drammens Avisa Fremtiden

Han vart løyvd kr 360 av heimkommunen til å ta teikneutdanning. Dei første teikeoppdraga han hadde, var blant anna i Donald Duck, der han teikna rebusar og andre oppgåver. I 1954 vart han teiknar av serien Soldat 47  som han gav ut saman med Øyvind Dybvard. Etter kvart som Jens R. Nilssen reduserte teikneoppdraga sine, overtok Kristoffersen julehefta Peik i 1958, Vangsgutane i 1959 og Bamsemann i 1964. Bjarne Kristoffersen var og tilknytta Bladkompaniet som teiknar, der han illustrerte mange år av Nissens Jul.

Solveig Muren Sanden (1918 - 2013) vart fødd i 1918, vaks opp i Vrådal i Telemark der ho budde fram til ho døyde 22 november 2013.

Ho reiste til Oslo og tok til på Kunst- og Handversskulen før krigen. Så gjekk ho på Statens Kunstakademider der ho spesialiserte seg i måling.

Ho fekk selt nokre teikningar i m.a. Jol i Telemark, då vart ho fortald at streken hennar likna på Jens R. Nilssens sin.

Solveig fekk tilbod om å ta over Tuss og Troll, og i 1957 kom det første julehefte i hennar strek.

Dette gjorde ho så godt at det var naturleg for henne å ta over Smørbukk då Jens R. måtte gi seg i 1959, men ho takka nei til å teikne Vangsgutane. Solveig Muren Sanden teikna Smørbukk frå 1960 til og med 1981, då ho overlet streken til Håkon Aasnes.
I 2008 kom Jubileumsboka "Smørbukk 70 år" ut samstundes som Solveig Muren Sanden fylte 90 år. Ei fantastisk bok som alle teikneserieentusiastar bør ha i si samling.

I 2012 vart det reist ei statue på på torget i Vrådal av Smørbukk, utforma av kunstnaren Trygve Barstad til ære for Solveig Mruen Sanden. 

Kjelde: "Ingen jul uten Juleheftene"

Jens Hasselberg Nilssen (1921 - 1996) var son av Jens R. Nilssen og han vaks opp i Just Høeghsgt 2 (seinare Fredensborgveien 9 i Oslo).
Jens H. var flink til å teikne, han teikna Bamsemann og Peik på midten av 50 talet, og han sluttførte Smørbukk 1959 då faren Jens R. vart sjuk og ikkje kunne sluttføre. Men det var musikken som låg hans hjarte nærmast og han utdanna seg som pianist.
Alt i 7 års alderen starta hans interesse for klaveret og han lærte dette som barn av Nils Larsen. Seinare var han 11 år elev av Halvdan Kleve ved musikkonservatoriet. Han skulle ha debuterte før, men av opplagte grunner blei hans debutkonsert som pianist først gjennomført fredag 19 oktober 1945 i "Konsertpaleet" i Oslo.
Nilssen holdt endel konserter og var på turne rundt i landet i alle fall fram til midten av 50 tallet.
Han starta seinare som pianolærar ved Barratt Dues musikkinstitutt der han var ansatt i 12 år. Han hadde også ei rekkje privatelevar.
I 1965 vart han ansatt som repetitør ved Den Norske Opera.
Ved sida av musikken var lyrikk og sjakk hans store lidenskaper. Han elska diktere som Olav Aukrust, Olaf Bull, Gustav Frøding bl.a. og var i alle år medlem av Oslo sjakklubb der han også i si tid deltok både i norske og nordiske mesterskap. Jens Hasselberg Nilssen døyde i 1996.
Kjelde: Tove Edvardsen Hovland (niese)

Otto Wiese-Moe (1922 - 2004) alias "Wimo" er ein av dei virkelige store teikneserieteiknarane og illustratørane gjennom åra.

Eg vil sette han i klasse med bl.andre: Jens R. Nilssen, Jan Lunde, Bjarne Kristoffersen.

Wiese-Moe har teikna mykje meir eller berre forsidene til Nissens Jul.

Han starta som teiknar i 1946, sidan har han teikna i "Skib O`Hoi", "Hjemmet", "Ukemagasinet", "Liv og Helse" og ei rekke julehefter, han har også teikna forsider til Western, Detektivmagasinet, og Tyrihans

I tillegg har han bak seg produksjonar av reklame (bla til Radionette) plakatar, avis-teikningar, jule-, påske- og sommarkort.

Dette vitnar om ein kunstnar med stor arbeidskapasitet.

Kjelde: Kjell A. Moe (son)

"Fra Rudolf Muus til Morgan Kane"