91 Stomperud (1938-1942,1945-)

Ernst G. Mortensens Forlag AS 

Då Norsk Ukeblad- grunnleggar Ernst G. Mortensen (1887 - 1966) under eit opphald i Sverige på midten av 30 talet skulle pusse skorne sine, stakk skopussaren til han eit eksemplar av Stockholm Kronikken. Slik oppdaga Mortensen svenskane sin største militære suksess i moderne tid, teikneseriehelten "91:Karlson" (av Rudolf Petersson). Mortensen vart så betatt at han bestemte seg for å lage ein norsk variant av infanteristen. Etter at dei norske rettigheitane var sikra, sto resultatet for første gang på trykk i Norsk Ukeblad 24. April 1937. Det første juleheftet kom i 1938, bladet kom ikkje ut i 1943 og 1944. Ernst Ancher Hansen (Ernst Gervin)  var mannen som fant på namnet Stomperud, og han skreiv tekstane fram til 1950. Oddvar Strand (ukjent - 1974) tok over frå 1951, og var tekstforfattar fram til 1972. Det kom ut 10 påske/vårhefter av denne serien, det siste våren 1959. Thorbjørn Weea (1909 - 1961) teikna serien frå 1938 og fram til 1960, då tok Odd Leon Jørgensen (ukjent-1976) over. Frå 1974 og fram til 2005 vart serien teikna av Leif Isaksen (1928 - 2018), og etter 2005 er det Håkon Aasnes (1943 - ) som har ført streken.

Kjelde: "Ingen Jul uten Juleheftene"

Ernst G. Mortensen - Opphavsmann
Ernst G. Mortensen - Opphavsmann