Glasmagasinet låg på hjørnet av det gule huset
Glasmagasinet låg på hjørnet av det gule huset

1969 katalogen

Eg hugsar tilbake på 60 talet når det ryktast at ein ny Corgi Toys katalog var komen. Då var det å sykle eller sparke (rattkjelke) ned på hjørnet til Glasmagasinet for å be om den nye katalogen. Så var det å finne nærmaste benk, eller sykle ned på kaia for å sjekke nyheitene. Stor stas var det å sturdere dei nye bilane. Spesielt 1969 katalogen var full av lekre nyheiter, som feks. Monkees bilen, Chitty Chitty Bang Bang bilen, Yellow Submarine til Beatles, James Bond bilen og mange fleire.