Vår klassekamerat Harald var heldig, for han hadde ein storebror i Sverige som han kunne besøke om sommarane. Eg hugsar når storebroren var på Volda ferie i sin nye raude Volvo Amason GT. Far til Harald var 10 år framom Flåklypa og IL Tempo Gigante då han fortalte oss at denne bilen hadde to speedometer. Ja det var heilt sant, når det eine var fullt, tok det andre over.  Vi vart litt skuffa då vi i ettertid fikk greie på at det var berre ein turtellar. :-) . Ein sommar Harald hadde vore på besøk i Sverige, hadde han kjøpt ein bunke Fantomen på ein bruktbutikk i Malmø, som han hadde med heim til Volda. Ja, svenskane kalla Fantomet for Fantomen, men det hadde lite å seie. Vi låg anten på vedahusloftet eller i telt i hagen (for sola stod alltid høgt på himmelen) og studerte teikningane og las Fantomen. Slik oppdaga eg denne trikot-kledde mannnen, og han vart straks ein helt, dog litt i skyggen av Davy Crockett. Men, nokre år seinare på sommarferie i mitt barndoms paradis på Vikna i 1970, ein varm og flott sommardag midt i juli, kjøpte eg mitt første Fantomet blad. Etter det vart det ei fast investering kvar 14 dag.

Fantomet (1952 - 1954)(1964 - 2018)

Normic Press AS, Romanforlaget AS, Nordisk  

Ein av mine favorittar frå barne og ungdomsåra, Fantomet vart utgitt som blad i åra 1952-1954 med 21 nummer. Namnet på bladet  var Fantomet, men innhaldet var ikkje alltid berre Fantomet-historier. Blada hadde og med seriane Prins Valiant, Mandrake, Rip Kirby, King, Blondie og Lyn Gordon. Hefta var i fargar, og var på 32 sider.
I 1964 kom det første verkelege Fantomet bladet ut, og innhaldet var den gang slik som i dag, ei eller to Fantomet-historiar og nokre tilleggseriar. Bladet kom ut med ulike antall nummer kvart år fram til 1970, då den noverande forma vart etablert, med 26 nummer i året. Serien var i utganspunktet svart/kvit, men skifta til fargar i 1991. Sidan 1964 og til siste nummet kom det ut 1212 utgåver av bladet. I tillegg kom det ut mange underserier som årsalbum, kjempealbum, julehefter o.l.

Kjelde: Minetegneserier og eiga samling.