Smørbukk - Nilssen (1941-1943,1945-1959)

Norsk Barneblad

Det var Andreas Haavoll frå Ørsta som kom med ideen til Smørbukk. Serien kom først ut i Norsk Barneblad, og første eige julehefte kom i 1941. Vi har fortsatt stor glede av guten i den raude gensaren som har kome ut til kvar jul etter det, sett bort i frå 1944 då bladet ikkje kom ut pga papirmangel. Jens R. Nilssen førte streken i perioden 1941-1959. Første gang vi ser den raude gensaren er i eit utstillingsvindauge på forsida av julehefte i 1955, og heretter bruker Smørbukk dette klesplagget trufast i omlag alle julehefta. I Jens R. sin periode kom det ut 18 julehefter og 1 sommarhefte (1952). I denne perioden var det i tillegg til Haavoll, Øyvind Dybvad og Johannes Faresvteit (1923-1995) som stod for tekstane. For dei spesielt interesserte kan eg opplyse at Smørbukk 1941 kom i to utgåver, i to forskjellige størrelser. Det eine er 17,1 x 24,0 cm ukjent trykkeri, det andre er 18,5 x 24,7 cm og trykt ved Br. Jørgensen AS Boktrukkeri. Legg merke til at 1959 utgåva er signert Jens H. Nilssen. Dette skyldes at Jens R. var no så sjuk at han ikkje klarte å ferdigstille juleheftet til jula 1959.

Kjelde: Ingen Jul uten juleheftene

Jens R. Nilssen - Teiknar.
Jens R. Nilssen - Teiknar.