Brettspel

I gamle dagar når vi var unge spelte vi mykje Brettspel. Var været ein og annan gongen dårlig, samlast vi hjå ein kompis og brettspelet kom fram. Det gjekk ofte i Ludo, Kinasjakk, Monopol eller Den forsvunne Diamant. Felles for dei alle var at spelet foregikk på eit brett eller ei plate med særskilde brikker som skulle  flyttast rundt på brettet anten det såg ut som ein runding, kart eller anna utsjånad med tal på. Kvart spel har særskilde reglar for korleis ein skulle flytte brikkene, alt etter verdien på terningane. Enkelte spel hadde også informasjon på kort som eit tillegg. Der kunne ein f.eks. få beskjed om å rykke fram, eller gå tilbake til start. Det fine med brettspel var at heile familien kunne delta, alt etter vanskeligheitsgrad. Vart det for vanskelig fikk ein altids være på lag med ein vaksen. Under kan du sjå nokre av brettspela eg tok vare på i min ungdom. Har du facebook anbefalar eg å besøke denne sida.