Vill Vest (1953 -1972)

Vill Vest er det sjekkhefteformatet som har kome ut med flest blad, 1001 totalt i tidsromet 1953 - 1972. Som Præriebladet var dette og ei italiensk serie skapt av "esseGesse". Bladet fekk ei rekkje ansiktsløfingar og nye logoar utover 50 talet. Vill Vest omhandla den unge Nevada rangeren Kaptein Miki og venene hans, dei to drukkenboltane Dr. Salasso og Windy. I 1968 tok Allan Kjempe og dei to venene, den fyldige Mik og den velkledde Greven over. Bladet gjekk som sjekkhefteformat fram til nr 20 i 1972, då det kom ut i tilnærma A4 format, (Sjå eiga side under Westernblad).  Det var Allan Kjempe som rådde grunnen her og, til Kaptein Miki kom i opptrykk frå 1976 til 1990. Vill Vest hadde og som Præriebladet baksidebilder, t.d. våpen, motorsykler, biler, reklame osv. På 50 og 60 talet var det vanleg å få favorittseriane sine innbundne. Eks på det ser du i fotoarkivet.