Året var 1966, eg var ni år og vi hadde vore på skuletur. På veg heim seier vår klassekamerat Ola at han måtte innom Kirsten (lokal kiosk og bladsalg) å kjøpe Præriebladet. Præriebladet, kva er det? Ola tok ned eit avlangt lite blad med bilde av ein langhåra "viking" som slåss mot tre soldatar i raud uniform. Raskt plukka eg fram ein 50 øring og kjøpte eit eksemplar av bladet. Etter den dagen var Præriebladet eit fast innventar i baklomma kvar veke når eg gjekk heim neda gatå. 

Præriebladet (1957 - 1990)

Se-Bladene AS

Etter å ha lest om Davy, Tim og Professor Occultis som kjempa både mot indianarar og raudjakkene vart dette ei fast investering kvar veke. Vi syntes det vart ein nedtur når Davy Crockett vart utskifta med Kaptein Mark frå og med nr 33 i 1968. Men denne serien vart straks ein ny favoritt, handlinga var lagt rundt fortet i Ontariosjøen, og dei tre venene var like mykje til "sjøs" som på land. Præriebladet kom ut første gang i 1957 og gjekk som sjekkhefteformat fram til 1972 (totalt 763 stk) då det frå nr 21 kom ut i A4 format, (Præriebladet og Vill Vest)
Nettopp desse blada frå 72-75 har ein ganske bra markedsverdi, og ikkje lett å skaffe. Siste bladet kom ut i 1990. Sjekkheftebladet hadde ofte tilleggsider med t.d trylletriks, bilde av bilar, sportsbilder, stjernebilder o.l. Serien var opprinneleg italiensk, skapt av EsseGesse som også skapte bl.a. Kaptein Miki og Allan Kjempe som gjekk i Vill Vest. I 1959 hadde både Præriebladet og Vill Vest ei "flysamlerserie i farger" med innlegg i midten, sjå eksempel under.