Tandberg Radiofabrikk (1933 - 1978) 

Tandberg Radiofabrikk var ein norsk produsent av forbrukarelektronikk. Selskapet vart etablert i 1933 av sivilingeniør Vebjørn Tandberg. Radiofabrikken startet med tre ansatte i lokaler i Kongens gate 15, Oslo, i 1933. Den vart raskt utvida, og flytta i 1936 til Folkets hus i Schleppegrellsgate 32. I 1939 flytta fabrikken som då hadde 90 ansatte til Malmøgate i Oslo. Varemerker som Tommeliten, Corona, Huldra og Sølvsuper vart  introdusert i denne perioden. I 1951 vart det bygd ein stor fabrikk på 9600 kvm på Kjelsås. I 1962 vart denne utvida med ei høyblokk som inneheldt laboratorium og forskningsanlegg. Båndopptakere vart tidleg ein suksess for firmaet; den første modellen vart kalla TB1, og var ein stor suksess. Fordelen med nesten alle Tandbergs maskiner var at det i stor grad var mekanisk overføring av alle vitale deler. Det vart tidleg benytta PVC-band til desse maskinene. Bedrifta ekspanderte utover heile 1950- og 60-talet med blandt anna ny fabrikk på Kjeller, men møtte etter kvart større konkurranse frå utlandet. Ein anna norsk radiofabrikk, Radionette fekk økonomiske problemer på byrjinga av 1970-talet, og vart fusjonert med Tandberg i 1972 etter statleg innblanding. I 1976 hadde Tandbergs Radiofabrikk rundt 3100 ansatte og ei omsetning på ca. 670 mill kr. Vebjørn Tandberg vart til slutt nekta å besøke den fabrikken han hadde bygd opp, noko som resulterte i at han tok sitt eige liv den 30  august 1978. Under kan du sjå nokre av brosjyrene og katalogane som kom ut frå 50- talet og fram til konkursen i 1978. Til høgre kan du sjå avskjedbrevet frå Vebjørn Tandberg. Heilt nederst ser du bilder frå kontoret til Louis Armstrong, og stova til Elvis Presley der dei begge har Tandberg båndopptakarar. Til slutt viser eg bøker som er skrevet om Vebjørn Tandberg og Tandberg Radiofabrikk AS. Vil du lese meir om Tandberg Radiofabrikk, besøk sida til Norsk Radiohistorisk Forening