Morgan Kane (1966 - 1985)

Bladkompaniet

Etter at Hardy-guttene var gått litt av mote, dukket Morgan Kane opp. Kane er ein fiktiv romanhelt i ein delvis historisk korrekt bakgrunn, han vart født i 1855 ved ein landeveg i Santa Fe. Historia om Morgan Kane er frå ei bokserie skrevet av den norske forfattaren Kjell Hallbing, (1934- 2004) under pseudonymet "Louis Masterson".

Den første boka, Uten nåde, kom ut i 1966, serien består av i alt 83 titlar. Nokre historier om Morgan Kane er og teikna og utgitt som teikneseriealbum. Morgan Kane- serien har vorte den største suksess i moderne norsk underhaldningslitteratur, og er eineståande i norsk bokbransje. Dei 83 bøkene i serien har seldt i ca 11 millionar ekspemplar berre her i Norge, kansje hjalp det med lettkledde damer på omslaget? I tillegg er ein del bøke utgitt i ti andre land- totalt 15 millionar. Balladen om Morgan Kane vart og ein norsktoppslager med Benny Borg, teks av Kjell Hallbing (Louis Masterson) i 1972.

Serien vart trykt opp i mange opplag, og dei tidlege bøkene i første opplag er attraktive samleobjekt.
Under kan du sjå døme på bøkene, teikneseriealbum, plakatar og singelplata "Balladen om Morgan Kane"

Kjell Hallbing (1934 - 2004)
Kjell Hallbing (1934 - 2004)