Tuss og Troll (1945-1946,1948- dd)

Norsk Barneblad

Det var Øyvind Dybvad som fekk ideen til ein teikneserie basert på folkeeventyra, og Jens R. Nilssen teikna denne serien frå 1945 til 1956. Då tok Solveig Muren Sanden over streken, og gjorde mange fantastiske teikningar. I 1954 vart Dybvad og Haavoll ueinige om opphavsretten til serien. Andreas Havoll tok over manuset ei kort periode, og frå 1958 var det Johannes Farestveit (1923 - 1995) som var teksforfattar. Dei 9 første blada var ikkje merkte med årstal, men hadde titlar samling, frå 1955 kom årstala til, bladet kom ikkje ut i 1947. Under kan du sjå forsidene fram til 1975, legg merke til baksidene på byrjinga av 50 talet, Jens R. teikna omslaget slik at forsida og baksida danna eit stort eventyrbilde. Norsk Barneblad gav ut innbundne juleheftebøker, der dei hadde både Smørbukk og Tuss og Troll med. 

Kjelde: Ingen Jul uten Juleheftene.

Øyvind Dybvad - Opphavsmann
Øyvind Dybvad - Opphavsmann