Sjekkhefteformat

Sjekkhefteformatet var som namnet tilseier, eit hendig lite blad som vart putta i baklomma. Storleiken låg mellom 6-9 x 17 cm, og det har vore gitt ut over 2800 slike blad, fordelt som følgjer:
Alle gutters serieblad (54 stk frå 1954-1955), Hakke Hakkespett (84 stk frå 1957-1959), Hopalong Cassidy (69 stk frå 1954-1955), Jukan (756 stk frå 1954-1968), Præriebladet (763 stk frå 1957-1972), Rex Havets Fantom (48 stk i 1957), Stjerne Magasinet (6 stk i 1954), Teddy (32 stk frå 1960-1961), Vill Vest (1001 stk frå 1953-1972). Harrongs Cowboy Komikk målte 9,5 x 24 cm og var for stort i format til at det kom inn under sjekkhefte-familien.