Tyrihans (1892 - 1904, 1912 - 1916, 1917 - 1958)

Olav Husebys Forlag (1892 - 1904), Kunstforlaget Munin (1912 - 1916), Bladkompaniet (1917 - 1958)

Tyrihans er Norges eldste vittigheitsblad. Bladet vart utgitt i tre bolkar, og var det første magasinet i Norge til å trykke pinup-bilder.
Ellers var det i første rekke eit humorblad, med vitsar og vitseteikningar. Magasinet hadde stort sett teikna omslag.
Bladet hadde eingang omdøme som eit av dei store vittigheitsblada, dette omdømet vart så frynsete etter kvart, at Narvesen nekta å selje bladet i sine kioskar. Foreleggaren Olaf Huseby hadde sans for PR.
Ein dag annonserte han følgjande: "500-femhundre-kroner betaler jeg til de efterladte efter den, der blir drept ved jernbaneulykke på norske jernbaner, dersom han, idet katastrofen finner sted, befindes at være i besiddelse av det sidste utkomne nummer av Tyrihans" Resultatet vart at opplaget auka til over 16000 eks. Frå 1951 til 1955 hadde Radionette sporadisk annonse på baksida av blada.  
Årsrevyen vart sett på som julehefte. Gustav Lærum,  Jan Lunde, Tullik Tvedt og Otto Wiese-Moe (Wimo) var nokre av teiknarane

Kjelde: "Drømmenes marked", og "Fra Rudolf Muus til Margit Sandemo"