Skaparane 

Andreas Haavoll (1869 - 1958) frå Ørsta var mannen som starta eventyret om teikneseriefiguren Smørbukk. Han var utdanna lærar og hadde arbeidd som bankmann, men vart meir og meir involvert i bladarbeid. Med røynsle frå m.a. Kristiansund-bladet Nordmør (frå 1903) kom han til Oslo i 1910 og fekk stilling som forretningsstyrar i nynorskavisa Den 17de Mai, der Rasmus Steinsvik frå Dalsfjord i Volda var bladstyrar. I 1912 tok dei over Norsk Barneblad som hadde vore i pengeknipe ei stund. Haavoll og Steinsvik skaut inn pengar og fekk bladet på fote igjen. Steinsvik døydde året etter, og Haavoll styrte deretter bladet saman med Arne Falk. Frå 1918 styrde han bladet åleine, og skipa same året Norsk Barneblads Forlag. Dette vart starten på ei rekkje klassiske nynorske barnebøker. Seinare fekk han med seg namn som Øyvind Dybvad og Johannes Farestveit som begge har vore med på å skrive Smørbukkhistorier.
Smørbukk vart til ved ei tilfedegheit. Teiknaren Jens R. Nilssen som hadde vore tilknytta Norsk Barneblad sidan 1906, illustrerte folkeeventyret om Smørbukk i 1938, og allereie i neste nummer av Norsk Barneblad var Smørbukk på plass - no som eigen teikneserie. Datoen var 30. juni 1938, som etter tidsrekninga for nynorsk teikneseriehistorie er år null.
Kjelde. "Inga jul uten Juleheftene"

Hallvard Sandnes (1893 - 1968) kom opprinneleg frå  Vikeli i Setesdal (herfrå henta han pseudonumet sitt Vikleik Vikli. Han var ein norsklærar, forfattar og målmann. 

Han tok utdanning på amtsskule, jordbruksskule, Voss folkehøgskule og Kristiansand lærarskule. Fra 1915 var han lærer i Høydal, og fra 1919 i Stavanger, der han same år gifta seg med Hanna Veen frå Bjerkreim. 

I 1941 fekk han førespurnad frå redaktør Aarnes i Nynorsk Vekeblad om han kunnne lage ein parallell til Lyn Gordon. Meininga var sjølvsagt å trekkje fleire lesarar til bladet. Det vart denne delen av hans forfattarskap, manuskriptet til den norske science fiction-teikneserien Ingeniør Knut Berg på eventyr som han skreiv under pseudonymet Vigleik Vikli i perioden 1941-1960 som han vart mest kjent for.

 Teksforfattar Hallvard Sandnes og teiknar Jostein Øvrelid møttest visstnok aldri, men korresponderte flittig. Då Sandnes vart deportert til Finnmark under krigen var det berre så vidt manusbunken heldt, fortalte Øvrelid. 



Leif Halse (1896-1984) skapte Vangsgutane. Halse kom frå Todalen der far hans var klokkar og lærar i bygda. Han byrja tidleg å arbeide, alt som tolvåring vart han heilårsdreng og utførte voksen kars arbeid. Han gjekk bl.a. lærarskule i Levanger, hadde ymse verv og jobbar innan både idrett og musikk, men aller mest ville han skrive. I 1939 fekk han i oppdrag av Hans Aarnes å skape ein teikneserie om snille og hjelpsame gutar som var til hjelp på garden, og kunne være eit forbilde for alle norske barn.
Med si arbeidserfaring frå si ungdomtid har nok Vangsgutane vorte som ein sjølvbiografi for Halse.
Jens R. Nilssen teikna serien frå 1941-1957 og 1962. I 1961 vart serien teikna av ei anonym kvinneleg teiknar. Atle Steinsfjord (1905-1987) teikna 1958 og 1966 (Bjarne Krisoffersen illustrerte forsida), medan Bjarne Kristofferse  teikna bladet i 1959, 1960, 1964 og 1965. Frå 1967-1979 var det Ivar Pettersen som førte streken. Vangsgutane kom ut i boksamling i 1973, den hadde teikneserie og tekst på kvar annan side, og kom ut på både nynorsk og bokmål.
Forlaget "Astri my Astri Publishing" og Deb Nelson Gourley lanserte Vangsgutane i amerika med utgivelsen "The boys from Vangen" i 2009. 

Alf Fossum (1900-1982) starta som visegut i Bladkompaniet som femtenåring, men han avanserte til kontorsjef før han fylte 19 år. I 1928 overtok han som disponent då firmaets grunnleggar Jon Aass døde. 

 Haukepatruljen vart utgitt som eige serie i frå 1930 og fram til 1961, med untak av åra 1934, 1942-46 og 1948. 

"Jeg var så heldig å blandt mine nevøer flere som var aktive i speiderbevegelsen, og disse gutters praktiske - og til sine tider utfordrende opptredener, gav ideen til Haukepatruljen som tegneserie. En tegneserie som kunne være spennende uten å gå ut på rampestreker" Slik beskreiv opphavsmannen Alf Fossum seriens opphav og intensjonar. Under krigen fant ein ung og overivreg hirdmann ut at Haukepatruljens uniformbruk var til skade for rikets sikkerheit, og serien vart stogga med øyblikkeleg verknad.  

I 1934 trakk Alf Fossum seg ut av Bladkompaniet. Han fekk med seg lagerbeholdninga til forløparen J. Aass Forlag, og med dette som grunnlag starta han anikvariatet J. Aass Forlags eftf. på Vaterland i Oslo. Fossum dreiv dette antikvariatet meir eller mindre heilt fram til sin død i 1982.

Øyvind Dybvad (1908-1989) vart fødd i Stjødal som yngstemann av seks søsken. Faren var skulestyrar på Frosta, men døydde då Øyvind var 14 år. Dybvad tok underoffisersutdanning og arbeidde både som gardsgut og på småflyhamna på Gressholmen.
Med bakgrunn frå handelskule, folkehøgskule og underoffisersskule tok han i 1941 til å arbeide i Norsk Barneblad. Her fekk han i oppgåve av Andreas Haavoll å dikte nokre Smørbukk historier, og Øyvind utvikla serien på alle måtar. Smørbukk vart langt meir morosam både i tekst og bilder, noko som passa teiknaren og humoristen Jens R. Nilssen særs godt.
I tillegg til å utvikle Smørbukk med både islendaren og Kong Olav-huva, og gutungen Øyvind delvis som rollefigur, skapte han Tuss og Troll i 1944.
Frå 1949 var han redaktør saman med Andreas Haavoll, men dei to vart usamde om opphavsretten til Smørbukk og Tuss & Troll i 1954. Dybvad gjekk då til Noregs Boklag, der han starta seriane Soldat 47 same år, og Peik (ein Smørbukk liknande figur) året etter, og serien om Bamsemann kom i 1956.
Øyvind Dybvad mottok Kongens fortjenestemedalje i gull i 1986, var æresmedlem i Noregs Mållag og fleire periodar leiar i Bondeungdomslaget i Oslo.

Ernst Gervin (1908 - 1978) Fra 1934 til 1952 var Gervin redaktør for Norsk Ukeblad, som vart etablert av Ernst G. Mortensen i 1933. 

Det var forleggar Ernst G. Mortensen som oppdaga Karlsson-teikneserien i Sverige og fekk sikra rettigheitene til å lage ein norsk versjon. Mandel Karlsson vart til August Stomperud, og rett før den andre verdenskrig starta Gervin å skrive tekstane til den norske 91 Stomperud, som Thorbjørn Weea illustrerte. 

Stomperud debuterte i Norsk Ukeblad i 1938, og Gervin var tekstforfatter for 91 Stomperud fra 1938 til 1952.

Etter utgivelsen av Norsk Ukeblad nr. 8 i 1943 vart Gervin og Norsk Ukeblads illustratør Gunnar Bratlie arrestert. på grunn av ein forsideillustrasjon. Tyske sensurmyndigheiter gjennomskua at teikninga karikerte forholdet mellom Adolf Hitler og Vidkun Quisling. Bladet vart stoppa og Gervin og Bratlie vart sett i tysk fangenskap.

Etter frigjeringa i 1945 fortsatte Gervin som redaktør for Norsk Ukeblad fram til 1952. Frå 1952 til 1964 var han redaktør for Hjemmet. Frå 1965 til 1976 arbeidet han vidare for mediabedrifta Gutenbergshus, som i tillegg til Hjemmet også gav ut Alt for Damene, Donald Duck & Co. og Det Beste. Gervin var redaktør for Donald Duck & Co. fra 1965 til 1976.