Vangsgutane (1941-1943,1945,1947-1962,1964-1981)

Fonna Forlag

Det var nordmøringen Leif Halse som skapte Vangsgutane. Halse kom frå Todalen der far hans var klokkar og lærar i bygda. Han byrja tidleg å arbeide, alt som tolvåring vart han heilårsdreng og utførte voksen kars arbeid. Han gjekk bl.a. lærarskule i Levanger, hadde ymse verv og jobbar innan både idrett og musikk, men aller mest ville han skrive. I 1939 fekk han i oppdrag av Hans Aarnes å skape ein teikneserie om snille og hjelpsame gutar som var til hjelp på garden, og kunne være eit førebilde for alle norske barn. Med si arbeidserfaring frå si ungdomtid har nok Vangsgutane vorte som ein sjølvbiografi for Halse. Hefta kom ut mellom 1941 og 1981 med untak av åra 1944, 1946 og 1963. Det kom ut sommarhefte i 1953 og 1983.
Jens R. Nilssen teikna serien frå 1941-1957 og 1962. I 1961 vart serien teikna av ei anonym kvinneleg teiknar. Atle Steinsfjord (1905-1987) teikna 1958 og 1966 utgåva, medan Bjarne Kristoffersen teikna 1966 forsida. Kristoffersen teikna bladet i 1959, 1960, 1964 og 1965. Frå 1967-1979 var det Ivar Pettersen som førte streken, og John Thoresen teikna dei to siste orginal utgivelsane i 1980 og 1981. Etter det har bladet vore gjeve ut i opptrykk.