Præriebladet og Vill Vest (1972 - 1990) 

Se-Bladene AS

I mai 1972 opplevde vi ein kortvareg nedtur, krise, det vart slutt på sjekkhefteblada. Frå og med nr 20 i 1972 gjekk Vill Vest over til vanleg bladstørrelse, Præriebladet følgde etter med nr 21. Men, nedturen var kortvareg, dette var mykje meir lesestoff på ein gang, sjølv om blada kom ut med berre 6 nummer i året. Allan Kjempe vart utbytta med opptrykk av Kaptein Miki frå og med nr 5 i 1976, i motsetning til Kaptein Mark i Preriebladet som fullførte heile serien fram til slutten i 1990.

Kjelde: Eiga samling