Harrongs

Odd Harrong

Harrongs Komikk og Harrongs Cowboy Komikk vart teikna av Odd Harrong, som på 1950-talet var den dominerande teiknaren innan humorserier. Men allereide på slutten av 30 talet teikna han Bokholder Blidberg for Oslo Illustrerte. Forgjengaren til "cowboy bladet" var "Harrongs Komikk" som kom ut med 4 nummer i 1952 og 2 nummer i 1953 i ca. A4 format. Her vart det plass til fleire av hans seriefigurar, som t.d. "Blidberg og Stribart", "Kjakan", "Jumbo", "Knokkelmannen" og ikkje minst "Den usynlige mann".
Harrongs Cowboy Komikk var eit stort sjekkhefteformat blad, og kom ut med 2 numme i 1953, 19 nummer i 1954, 14 nummer i 1955 og 12 nummer i 1956. Han gav og ut Blidberg Boka i 1942, som omhandla Blidberg og Stribart, og Cowboy komikk serien i Blidberg julen 1971. Odd Harrong hadde også ein stor produksjon av linoleumstrykk, både i svart/kvit og fargaflester. Flesteparten av motiva hans var frå Finnmark med samar og reinsdyr. Han har og gitt ut postkort og illustrert julehefter.